125 000 kroner til Redningsselskapet

Redningsselskapet fyller i år 125 år. I denne samanheng har styret i Kystrederiene beslutta å gje ei gåve på 125 000 kroner til selskapets barne- og ungdomsarbeid. Pengane vil blant anna gå til innkjøp av ein Eliasbåt.
-Redningsselskapet har alltid stilt opp for våre medlemer, og bidrar med dette til at kysten er ein trygg og god arbeidsplass, seier Siri Hatland, direktør i Kystrederiene. Då er det på sin plass at vi bidrar til dette viktige arbeidet, fortsetter Hatland.
Sidan oppstarten i 1891 har Redningsselskapet redda over 6400 personar frå den sikre død. Heile 600 000 born, kvinner og menn har fått hjelp med små og store problem på sjøen.
-Denne gåva betyr mykje for vårt førebyggjande barne- og ungdomsarbeid. Det er ei glede at Kystrederiene på denne måten er med og tek ansvar saman med oss i ei så viktig sak, uttaler Rikke Lind, generalsekretær i Redningsselskapet.
Foto: Redningsselskapet, RS “Horn Flyer”.
 


Sist oppdatert 22.4.24 av web@mediehusetbergen.no

Ingen treff.
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter