Endra seglingsmønster ved Måløybrua

Kystverket melder at Statens vegvesen skal utføre naudsynt vedlikehald på rv. 15 Måløybrua. Skader på brua skal reparerast, og ein skal montere anlegg for katodisk vern som hindrar at armeringa rustar. Arbeidet vil gå føre seg i perioden 31. juli 2020 til september 2021. På grunn av stillas under brua vil seglingshøgda vere lågare enn normalt. Seglingsmønsteret må difor mellombels endrast, i eitt seglingsløp av gangen.

Vi ber alle som planlegg i segle i området om å halde seg oppdatert om endringane, og kva som er gjeldande seglingsmønster til ei kvar tid.

Kystverket har oppretta ei Facebook-side for å formidle oppdatert informasjon om seglingsmønsteret under Måløybrua i vedlikehaldsperioden. Vi oppfordrar sjøfarande om å følgje denne sida. Her kan ein også stille spørsmål.

Les meir på Kystverket sine nettsider.


Sist oppdatert 22.4.24 av web@mediehusetbergen.no

Ingen treff.
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter