Godsoverføring tema på Stortinget

Tysdag 2. februar fremma KrFs stortingsrepresentantar forslag om å starte tiltak som fører meir gods over på sjø. Minimum 30 prosent av transportarbeidet på veg over 300 km, bør flyttast over på sjø eller bane innan 2030. Målet er 50 prosent innan 2050.
“Nærskipsfarten er Noregs viktigaste transportåre, både langs norskekysten, og til og frå havner i Europa. Den spelar ei avgjerande rolle for næringslivets transportbehov og norsk industris konkurransekraft, bidreg med verdiskaping og 14.000 arbeidsplassar langs heile kysten, og er ein viktig aktør for den maritime klynga”, står det å lese i brevet.
– Ein nærskipsfartsstrategi er viktig for heile sektoren , og noko vi heilt og fullt stiller oss bak, seier Siri Hatland, direktør i Fraktefartøyenes Rederiforening.
Les meir om denne saka på Shortsea Shipping sine heimesider.
 
 
 
 
 


Sist oppdatert 22.4.24 av web@mediehusetbergen.no

Ingen treff.
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter