Høyringar vedrørande Statsbudsjettet

I samband med statsbudsjettet for 2017, har Kysterederiene delteke på utvalgte høyringar. Ei slik høyring er eit møte der inviterte organisasjonar legg fram sitt syn og svarar på spørsmål frå komitèen.
Den 18. oktober var vi tilstades på høyring i Stortingets næringskomitè vedrørande statsbudsjettet. Stikkord for presentasjonen var nettolønnsordninga, fornying og vrakpant.
27. oktober var det høyring i Transport- og kommunikasjonskomitèen. Her var stikkorda for vår presentasjon incentivordninga for reiarar på 30 millionar, sjøsikkerheit og at meir last må gå sjøvegen.
Vi meinar at det må til ei utgreiing som tar for seg kva tiltak som må samordnast for å få til utvikling av eit rasjonelt og konkurransedyktig sjøbasert logistikksystem integrert i det nasjonale transportnettverket. Dette vil vere eit viktig steg i eit grønt skifte og bidra til effektive og miljøvenlege transportløysingar. I dag er rammene for sjøtransport fragmenterte og lite samordna, med brukarbetalt infrastruktur.
Gods frakta sjøvegen må likebehandlast med gods frakta på veg eller jernbane.


Sist oppdatert 22.4.24 av web@mediehusetbergen.no

Ingen treff.
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter