Kystrederiene – nytt namn og logo

Generalforsamlinga i FR beslutta som kjent i år å endre foreininga sitt namn til Kystrederiene. Heimesidene våre er no oppdaterte med nytt namn og logo.
 

Namneendring har vore diskutert fleire gongar tidlegare, men det har vore vanskeleg å finne eit nytt namn som alle kunne samlast om. Men det klarte vi denne gongen!
 
Felles for alle våre medlemar, uavhengig av sektor, er at aktiviteten foregår på kjøl. Dette gjenspeglast i den nye logoen. Den raude fargen er vidareført, noko som har kjenneteikna vår organisasjon sidan den vart stifta i 1935. Vi håpar dykk liker den!
 
Vi minner om at namneendringa vil bli markert på Bergen Sjøfartsmuseum den 25. august. Der vil det bli enkel servering og blant anna vil Frank Aarebrot halde foredrag om nærskipsfartens historie. Så vi håpar så mange som mogleg vil få med seg dette!

.
 

 

[vc_single_image image=”23564″ img_size=”400×300″ qode_css_animation=””][vc_separator type=”transparent” border_style=””]
[vc_single_image image=”23566″ img_size=”400×300″ qode_css_animation=””][vc_separator type=”transparent” border_style=””]
[vc_single_image image=”23516″ img_size=”400×300″ qode_css_animation=””][vc_separator type=”transparent” border_style=””]

Sist oppdatert 22.4.24 av web@mediehusetbergen.no

Ingen treff.
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter