Kystverket anbefalar no bygging av tunnelen – meinar sikkerheit og framkomelegheit må trumfe økonomi.
Kystverket skal no jobbe vidare med å konkretisere dei gunstige effektane av skipstunnelen før samferdsledepartementet får den endelege versjonen.
Kystrederiene meinar at Stad skipstunnel er nødvendig for å sikre god framkomelegheit for sjøtransport rundt Stad, som er den mest veirharde strekninga langs norskekysten. Det vil no verte tryggare for fartøy og mannskap å ferdast langs kysten.
Stad er eit av dei verste havstykkja i verda. Skipstunnelen vil gje ein sikrare og meir forutsigbar kvardag for både rederi, fartøy og mannskap. I tillegg vil den føre til mindre skader på last. Ei av motforestillingane som ofte vert lagt fram mot sjøtransport går på manglande leveringsdyktigheit og regularitet, og vi kjem ikkje utanom at dårlig veir medvirka til forsinkelsar, seier Siri Hatland, direktør i Kystrederiene.
-Stad skipstunnel vil vere eit vesentleg bidrag til å auke sjøtransportens leveringsdyktigheit. Òg for landets bilistar, som jo er dei fleste av oss, vil Stad skipstunnel bety ein tryggare landeveg, med mindre godstrafikk og forureining. Så dette er ein stor tommel opp, fortsetter Hatland.
Kystrederiene sit i styringsgruppa for prosjektet, og følgjer arbeidet tett.
Sjå òg: heimesidene til Stad skipstunnel



