Mindre endringar i revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa presenterte torsdag 11. mai revidert nasjonalbudsjett for 2017, med mindre endringar for sjøfarten.

 
Forslaget om eit CO2-fond og vegen vidare
Budsjettforliket mellom regjeringspartia i desember opna for etableringa av eit CO2-fond. I forslaget til revidert nasjonalbudsjett 2017 som blei lagt fram torsdag 11.mai, gjennomgår regjeringa forslaget til eit CO2-fond.
Finansdepartementet meinar blant anna at det er vanskelegare å få til eit avgiftsfinansiert fond for reduksjon av CO2 enn for eksempel NOx. Dette på grunn av at NOx-avgifta vert betalt av den einskilde brukar medan CO2-avgifta vert betalt til staten av leverandørane av energivaren. Vidare meinar Finandepartementet at det vil vere krevjande å administrere eit slikt fond, og at det kan vere betre å opprette eit eige CO2-fond over statsbudsjettet.
I ei slik løysing vil ein fortsatt måtte betale CO2-avgift, men ein kan søkje om støtte til utsleppsreduserande tiltak.
Regjeringa vil i løpet av 2017 invitere næringslivet til forhandlingar om opprettinga av eit CO2-fond. Kystrederiene vil delta i desse forhandlingane.
12 millionar føreslått bevilga til navigasjonsinnretningar
Ellers er det verdt å merke seg at Regjeringa føreslår å auke bevilgninga til investering og fornying av navigasjonsinnretningar med 12 millionar kroner.
 


Sist oppdatert 22.4.24 av web@mediehusetbergen.no

Ingen treff.
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter