Ny Nox-avtale signert i dag
Kystrederiene var i dag, onsdag 24. mai, tilstades i Oslo og signerte ny NOx-avtale saman med 14 andre næringsorganisasjonar.
 
Avtalen har ei varigheit på åtte år frå 2018, og er eit viktig bidrag for at Noreg skal overhalde internasjonale forpliktelsar om reduksjon i klimagassutslepp. Næringslivet skal med dette redusere sine årlege NOx-utslepp med 16.000 tonn fram mot 2025.
 
I staden for å betale avgift til staten, betalar dei tilsluttande verksemdene ei medlemsavgift til Næringslivets NOx-fond. Fondet tildelar så igjen støtte til gjennomføring av utslippsreduserande tiltak i verksemdene.
 
–   NOx-avtalane har ført til eit gjennom­brot for bruk av utsleppsreduserande teknologi i stor skala. Dermed skapast det nye marknadar for leverandørindustrien. Dette har vi særleg sett i innanriks skipsfart. Her har næringsorganisasjonane gjennom NOx-fondet bidratt vesentleg til introduksjonen av låg- og nullutsleppsteknologi som LNG og elektrisk drift, seier næringsminister Monica Mæland.
 
Siri Hatland, direktør hos Kystrederiene, er heilt einig.
– Denne avtalen er svært viktig og har bidratt til mange utsleppsreduserande tiltak hjå våre medlemar. NOx-fondet har vore ein suksess, så dette er ein avtale vi er svært positive til!
 
Utsleppstaket vert gradvis stramare frå ein periode til neste. Utsleppa frå verksemdene som omfattast er for 2016 bereikna til totalt 97.000 tonn. For siste toårsperiode (2024-2025) er utsleppstaket eit gjennomsnitt på 81.000 tonn pr år. Det er opp til organisasjonane og verksemdene å avgjere kva tiltak dei ønskjer å gjennomføre for å overhalde utsleppstaka. Dersom utslippstaka ikkje vert overhaldne, oppstår det krav om å betale avgift til staten avhengig av storleiken på overskridinga.
 

 
 


Sist oppdatert 22.4.24 av web@mediehusetbergen.no

Ingen treff.
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter