Samferdselsministeren skal reise langs norskekysten i sommar

I sommar skal samferdselsminister Kjetil Solvik-Olsen reise langs heile norskekysten med lasteskip, hurtigbåt, ferje, losbåt og slepebåt. No er han ute etter tips på kva han bør sjå og kven han bør møte.

– På denne turen ønskjer eg å møte og snakke med folk som bur langs kysten, lokalt næringsliv, transportørar, passasjerar, lokale politikarar og organisasjonar, seier Solvik-Olsen i ei pressemelding. Med på turen vil også resten av den politiske leiinga i samferdselsdepartementet vere.
.
Her må vi kjenne vår besøkstid og kome med innspel til kva samferdselsministeren bør oppleve på denne reisa! Tips oss gjerne på e-post ke@kystrederiene.no. Du kan også sende tips direkte til Samferdselsdepartementet på e-post postmottak@sd.dep.no, merka med #Kyst2016.
.
Les meir om denne reisa på regjeringa sine eigne heimesider.

Sist oppdatert 22.4.24 av web@mediehusetbergen.no

Ingen treff.
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter