Lasteskipet “Tege” var tidlegare livsnerven for godstransporten frå Nordlandsbana og vidare til Nord-Norge før skipet gjekk av med pensjon. Etter at skipet vart tatt ut av rute i 2013, har rundt 13000 stk. 25 ft. “Tollpost-containere” (november 2016) årleg gått andre vegar mellom Bodø og Tromsø enn sjøvegen. Dette er det nokon som ønskjer å endre på.
Tromsø havn, Lødingen havn og Bodø havn vil no legge til rette for etablering av ei kommersiell godsrute i fast linjefart mellom Bodø – Tromsø/Alta. Prosjektet er delfinansiert av Kystverket.
Ruta skal i praksis fungere som ein sjøverts forlenging av godstransporten på Nordlandsbana ved ein effektiv intermodal kobling i Bodø. Det vil då kunne etablerast eit nasjonalt transportsystem med fokus på Nord-Norge.
– Grunnlaget for etableringa av ei slik linje er godt utgreia, uttalar Siri Hatland, adm. dir. i Kystrederiene. Det vil vidare vere opp til rederia å utvikle eit godt rutetilbod i samarbeid med vareigarane. Ønskjer her å minne om at dette er eit svært godt prosjekt for den nye incentivordninga, som her kan utløyse betydelege midlar, avsluttar Hatland.
Rapport om Nord-Norgelinja

Snart ny Nord-Norge linje..?
Publisert 01.3.17 av Karsten Henrik Sprenger, sist oppdatert 22.4.24


