Statsbudsjettet: positive signal

– Innføring av incentivordning retta mot rederi er eit positivt tiltak, seier direktør i Kystrederiene, Siri Hatland. Vi er opptatt av at ordninga vil fungere, og ser at det er viktig å få vareeigarane med på laget. Og det er her den store utfordringa vil ligge. Dette vil vi følgje opp når vi skal gje innspel på innretninga av ordninga, avslutter Hatland.
Tord Dale, dagleg leiar i Maritimt Forum, følgjer opp:
– Opprinnelig bad vi om eit tilskot til vareeigarar som gjorde sjøtransport rimeligare i ein periode, vi tror det hadde vore ein god stimuli etter mange tiår med eit avgiftsregime som virka i sterk disfavør av sjøtransporten. Men vi forstår også at det er komplisert å gjennomføre innanfor statsstøtteregelverket. Vi krev derfor at regjeringa må vere villige til å justere innretninga og samtidig fortsette å sjå på handlingsrommet for ei ordning som kan gå til vareeigarar.
Til den treårige forsøksordninga foreslår regjeringa å løyve 30 millionar kroner for startåret 2017. Ordninga blir innretta slik at reiarar, som kan godtgjøre at ei ny eller justert linje vil kunne gi ei varig overføring, kan få støtte. Søkjarane må dokumentere at lasten blir overført frå veg til sjø og sannsynleggjere at transporttilbodet vil vere berekraftig etter tilskotsperioden.
Andre positive ting å bite seg merke i er at det vert bevilga 170,5 millionar til fiskerihamner, at  ein framskundar bygginga av tre kystvaktskip i Norge og at realverdien av nettolønsordninga vert oppretthaldt.
 
 


Sist oppdatert 22.4.24 av web@mediehusetbergen.no

Ingen treff.
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter