Torsdag 1. desember 2022 klokka 12.00-15.00 arrangerer Fiskeridirektoratet, i samarbeid med Sjømat Norge, Sjømatbedriftene, Norsk industri og Kystrederiene eit webinar om rømmingssikkerhet. Årets tema er «Maskeopning og størrelsen på smolt».
Stor variasjon
For å unngå rømming ved utsetting av laksesmolt, er det avgjerande at størrelsen på maskene i nota er tilpassa størrelsen på fisken. Fiskeridirektoratet har nyleg gjort ei kartlegging av næringas rutiner ved utsett av smolt.
– Kartlegginga viser til dels svært stor variasjon i korleis oppdrettarane vurderer størrelse på smolten og minste akseptable individvekt i forhold til ulike nøter. Kva kunnskap som blir lagt til grunn og korleis tidlegare tilrådingar blir tolka, har vist seg å gi ganske store utslag, sier seniorrådgiver Øyvind Grøner Moe i miljøseksjonen i Fiskeridirektoratet.
Ujevn størrelse
Det har i tillegg vore ein problemstilling at smolten ikkje har forventa størrelse når den blir satt ut i merda eller at det er ujevn størrelse i fiskegruppa. Dette kan gjere det vanskeleg for oppdrettaren å tilpasse maskeåpninga i nota, fordi oppdrettaren ikkje kjenner størrelsen på den minste fisken. Konsekvensen kan bli at den minste fisken klarer å ta seg ut av anlegget gjennom notveggen.
-Vi treng meir kunnskap om denne problematikken og ein auka bevissthet i næringa. Fiskeridirektoratet har ein pågåande kunnskapsbestilling inne hos Havforskningsinstituttet, som vil resultere i nytt kunnskapsgrunnlag for valg av maskeopning i forhold til fiskestørrelse og foreslå metodar/modellar for å finne fram til minste fisk i ei fiskegruppe.
Vi vil få innlegg med forskjellige vinklingar på problemstillinga, både frå Havforskningsinstituttet, Fiskeridirektortet og ulike delar av næringa. Detaljert program kjem snart.